søndag 30. august 2009

Til Kina!


Så er Camilla og Sindre reist til Kina som utsendingar for misjonsalliansen!

Forrige helg vart soleis begiventhetsrik, med familie og vennesamenkomster i denne anledning. Utsendelsen frå Storsalen i Oslo, sundag kveld, var ei sterk og fin stund! Vi er rike som får ha våre i ei slik teneste, - om vi kjem til å savne nærkontakten med dei.

Vi minnes jan. - 80, då vi sjølve tok farvel med familien for å dra tilSør - Amerika. Heldigvis er verden "blitt mindre" no.


Er takknemleg for at vi er ein stor familie som held av ein annan.- Men er blitt stoppa opp for at sjølv om vi har mange som vi er like glade i, - kan ingen erstatte "Camilita"og Sindre. Ingen kan erstattast. Så det at dei er så langt borte, vert eit sakn. Ingen er lik dei, og kvar ein er så uendeleg mykje verdt for oss.

Slik og med han som har så mange, mange..........likevel er ingen av oss uunnværleg for han. Det er berre ein av kvar av oss, og vi er så uendeleg mykje verdt for han. Han er like glad i alle. Så er det ein som er "borte", er han på leit etter oss!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar